Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Då Senterpartiet og Arbeidarpartiet i lag i 2021 overtok regjeringsmakta frå ei Høgre–Framstegsparti-regjering som hadde sentralisering som svar på alle spørsmål, stod vi i lag om ein ny kurs. Det var ein kurs der vi skulle utvikle heile landet. I månadene etter at Senterpartiet gjekk ut av regjering, kan det verke som at Arbeidarpartiet har lagt opp til ein litt meir sentraliserande kurs. Vi ser det innanfor helse, der viktige helsetilbod er i fare for å bli sentraliserte – i Sogn og Fjordane, i Telemark – og vi ser det gjennom at statsadvokatembetet er føreslått sentralisert. Det er eigentleg freistande å spørje om vi må forvente fleire sentraliseringsforslag frå Arbeidarpartiet i den komande tida, men eg skal vri det litt meir positivt. Eit av grepa vi har drøfta, og som Senterpartiet har peika på for å motverke sentralisering, er å flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo. Spørsmålet er: Er Arbeidarpartiet einig i at det er ein god idé å flytte fleire statlege arbeidsplassar ut av Oslo, og har Arbeidarpartiet nokre planar om å flytte ut arbeidsplassar?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
