Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 13. okt 2025

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Senterpartiet er oppteke av gode helsetenester over heile landet. Eg er glad for at Raudt og Aydar i sitt innlegg peika på dei same svakheitene som vi har peika på når det gjeld føretaksmodellen, og dei same svakheitene som Senterpartiet har peika på knytt til finansieringsmodellen for helseføretaka og også profittenkinga i helseføretaka. Sanninga er at i dag har folk i Nordfjord, i Sogn, i Telemark fått beskjed om nedbygging av det lokale helsetilbodet sitt, med forslag om nedbygging av akuttberedskap og fødselsomsorg, og også det som går på psykisk helsehjelp. Spørsmålet til Raudt er: Vil Raudt stå side ved side med Senterpartiet i kampen for folk i desse områda og helsetilbodet deira for å hindra at forslaga om nedbygging no blir ein realitet?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat