Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 13. okt 2025

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Fleire elevar treng å kjenne på meistring i skulen. Difor er eg så glad for å høyre statsråden snakke om at svaret er ein meir praktisk skule. Det er Senterpartiet brennande oppteke av. Det er ein annan medisin enn det Høgre og FrP skreiv ut ved å presse fleire timar med teori inn for elevane våre. Eg skal spørje om ei anna sak. Senterpartiet er svært uroleg over korleis ungar blir brukte til å utføre alvorleg kriminalitet. Nokon ungar blir kynisk rekrutterte via digitale plattformer, mens andre blir dregne inn gjennom omsetjing av ulovleg narkotika. Skuleleiarar har uttrykt bekymring for at narkotika blir omsett på skulen, og det er ei tilbakemelding vi må ta på største alvor. Eg reknar med at statsråden er samd i at vi må ha nulltoleranse når det gjeld narkotika på skulen, men eg er nysgjerrig på kva grep statsråden vil ta for å sikre at skulane våre er frie for narkotika.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat