Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
I innlegget sitt var representanten Bastholm bl.a. innom fornybar energi og å ta betre vare på det vi har. Det leiar meg inn på eit anna tema: fylkesvegar. I vår fremja Senterpartiet eit representantforslag der vi i denne perioden ønskte å løyve minst 10 mrd. kr til vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegar. Vi ser at det i dag er stipulert til ca. 108 mrd. kr for heile landet. Det er store tal. Der fekk vi støtte frå Miljøpartiet Dei Grøne i å ta vare på det vi har, altså nettopp fylkesvegane. Står Miljøpartiet Dei Grøne framleis bak den lovnaden, og vil dei kjempe for å få gjort noko med etterslepet og slitasjen på fylkesvegane våre, noko som er sårt tiltrengt?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
