Replikk · 13. okt 2025

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Det var eit interessant innlegg. Det vert sagt at ein skal høyra mykje før øyra dett av, men når representanten Asheim var bekymra for samansetninga av Stortinget som veljarane har sørgd for, var det iallfall sånn at det skrangla litt i mine øyre. Det er for så vidt å ha litt store tankar om seg sjølv, og ein kunne òg mistenkja at ein nærmast var Venstre-mann, sånn som det vart snakka. For Senterpartiet er det eit mål å utvikla heile Noreg. Etter valet har me høyrt nokre stemmer i Høgre som har teke til orde for ei nyorientering, med ei meir aktiv haldning til distriktspolitikken og mindre fokus på den einsidige sentraliseringa, som me har sett dei siste stortingsperiodane. Mitt spørsmål til representanten Asheim er litt ope: Kan me venta eit meir distriktsvenleg Høgre dei neste fire åra?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat