Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg skal snakka om noko trontalen nesten ikkje tok opp i det heile, nemleg bustadpolitikk – men regjeringa har sagt noko om bustadpolitikk tidlegare. Dei sa bl.a. at dei hadde tenkt til å setja i gang 130 000 bustader innan 2030. For å få dette til trengst det eit godt samarbeid mellom offentlege myndigheiter på lokalt, regionalt og statleg nivå og byggjenæringa. Dei orda gjentok dei ikkje denne gongen, og det kan godt henda det er fordi dei sjølve har oppdaga at det er urealistisk å oppnå eit slikt mål. Det dei derimot sa i trontalen, var at dei «skal bevare mer natur», så det er tydeleg at denne regjeringa er meir oppteken av natur og klima enn av å gje folk tak over hovudet og ein rimeleg heim å bu i. Noko av det første den nye kommunalministeren gjorde, var å føreslå å verna omtrent 10 pst. av heile landarealet i Noreg, ved å gjera det forbode å byggja på myr. Det betyr at mange bustadprosjekt, mange vegprosjekt og mange næringsområde blir ofra for å ta vare på klimaet. Senterpartiet snakka i innlegget sitt tidlegare i dag om at dei ønskjer meir fridom for kommunane. Dersom dei ønskjer meir fridom og mindre statleg overstyring, kan ein stilla spørsmål om Senterpartiet har valt seg dei riktige venene å samarbeida med i denne fireårsperioden, for den tilliten dagens regjering gjev til lokalpolitikarar, er liten. Dei meiner at det trengst forbod, påbod og reguleringar for å regulera handlingsfridomen til lokalpolitikarane. Det betyr at ein har lite tillit til lokalpolitikarar. Det nye forbodet dei ønskjer å setja i verk når det gjeld myr, med 10 pst. vern, kjem i tillegg til alle moglege andre forbod – f.eks. forbod mot å byggja i strandsona, nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, som òg inneheld mange overstyringar over det lokale sjølvstyret, statlege planretningslinjer for klima og energi, statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet, og som ikkje det er nok, òg rundskriv T-2/16 om «miljøforvaltningens innsigelsespraksis». Eg har ikkje taletid til å lista opp absolutt alt, men eg illustrerer med dette ein liten meny over statlege retningslinjer som alle har som føremål å gjera det vanskeleg å byggja og utvikla kommunar og sørgjer for at ein gjev verktøy til statsforvaltarar, Kystverket, fylkeskommunar og andre statlege etatar for å seia nei til lokalpolitikaren sitt ønske om å utvikla kommunen sin. Summen av alt dette betyr at det er vanskeleg å nå målet om nok bustader, at det er vanskeleg å nå dei måla regjeringa sjølv har sett seg. Difor er Framstegspartiet kritisk til den politikken denne regjeringa fører når det gjeld bustadpolitikk. Me synest at det tek for lang tid å planleggja for bustadar, og at mange bustader er for dyre å byggja. Framstegspartiet ønskjer at det skal bli bygd fleire bustader, og me ønskjer å gjera det i samarbeid med kommunane, ved å gje kommunane tillit og ikkje motsegner, forbod, reguleringar og påbod.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
