Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Noreg har i dag eit kraftsystem som premierer dei med størst kjøpekraft, eit system der dei med mest betalingsevne i praksis har størst tilgang på den fornybare krafta vår. For det fyrste har me eit prissystem der marknad og børs set straumprisen, noko som har gjeve oss langt høgare og meir ustabile straumprisar enn dei rimelege prisane me historisk har vore vande med, og som har vore grunnlaget for Noreg som industrinasjon. For det andre har me eit fyrstemann til mølla-prinsipp for tildeling av kraft, i staden for eit system der miljø og samfunnsnytte blir lagde vekt på. Resultatet er at oljeselskapa og internasjonale teknologigigantar i praksis har fyrsteretten til norsk kraft. Vil MDG vera med SV på å erstatta denne marknadsstyringa med meir demokratisk styring av krafta vår?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
