Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 13. okt 2025

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Eg har mista teljinga på kor mange gonger regjeringa har kalla inn daglegvarekjedene til møte for å be dei om å vera så greie å gje frå seg litt av den enorme makta dei har over matprisane og korleis maten blir frakta og selt til butikkar over heile landet. Fint lite har skjedd, bortsett frå at matprisane fortset å auka og bøndene blir endå meir låste i avhengigheit til kjedene. Regjeringa har dessutan nettopp lagt vekk forslaget om å forby usakleg prisdiskriminering, eit tiltak som kunne ha gjeve små aktørar ein meir rettferdig sjanse i daglegvaremarknaden. SV meiner det er på høg tid å avgrensa makta til dei tre dominerande selskapa, ei makt som i aukande grad går ut over både forbrukarar og produsentar. Er statsråden einig i at det ikkje er nok å snakka med daglegvarekjedene, men at det òg trengst handfast handling og politisk styring?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat