Replikk · 13. okt 2025

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Først vil eg gratulera representanten med valet som parlamentarisk leiar, og ikkje minst som medlem i helse- og omsorgskomiteen. Eg gleder meg til samarbeidet. Styring av sjukehus vil nok verta ei stor sak framover, og da helseføretaksmodellen vart vedtatt, uttalte KrFs daverande stortingsrepresentant, Are Næss, følgjande i stortingsdebatten 6. juni 2001: «[D]et er bemerkelsesverdig at jo mindre peiling Arbeiderpartiets helseministere har på helsevesenet, desto større reformer dukker de opp med.» Næss sa òg at kampen mot føretaka er kampen om sjela til helsevesenet, og han sa at det i språket til helsevesenet er pasienten i sentrum, men i språket til føretaka er det økonomisjefen i sentrum. Dette er veldig godt sagt. Spørsmålet mitt til KrF er om dei er like mykje imot føretakssystemet i dag som dei var da føretaksmodellen vart innført.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Kjersti Toppe (Senterpartiet) — Replikk · 13. okt 2025 — OverStortinget