Innlegget
Helse- og omsorgsministeren har sagt at Noreg skal ha helse- og omsorgstenester i verdsklasse, men når helseføretak føreslår store kutt i heilt sentrale tenester, lar statsråden det skje, med å visa til at han har tillit til vurderingane til føretaka. I Helse Førde har dei no føreslått å kutta i barseltilbodet, å kutta i skadepoliklinikken og å avvikla ortopedien i Lærdal, i tillegg til generelle kutt i psykiatri og i ambulansetenesta. Statsråden kan jo enkelt gå inn og seia at dette ikkje kan skje. Han kan endra finansieringsmodellen ved å skilja investering og drift – for dei må gjera dette for å finansiera det store sjukehusbygget i Førde. Spørsmålet mitt er om statsråden no vil visa politisk vilje og stoppa desse forslaga, som skaper så mykje usikkerheit i Sogn og Fjordane. Eller gjeld ikkje verdas beste helseteneste for Sogn og Fjordane?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
