Innlegget
Den tyske legen og politikaren Rudolf Virchow, som levde på slutten av 1800-talet, er rekna som sosialmedisinens far. Han er kjend for utsegna om at «politikk er intet annet enn medisin i stort». Med det viste han til at politikk er å fordela levekår og verdiar, og dermed helsevilkår, mellom grupper i samfunnet. Når politiske myndigheiter lokalt, nasjonalt og globalt fordeler levekår som inntekt, arbeid, utdanning, bustad, mat og miljø, fordeler ein òg rammevilkåra for helse. Grunnlaget for ein trygg helsepolitikk ligg difor i stor grad utanfor helsevesenet: at vi har eit samfunn med små forskjellar og sterke fellesskap, at miljøet vi lever i, ikkje er helseskadeleg, at vi hindrar utanforskap, at alle har arbeid og inntekt å leva av, og at barn får ein trygg oppvekst og sunn utvikling. I Noreg har vi sosiale forskjellar i helse vi ikkje kan forklara eller akseptera. Helse og levekår er avhengig av inntekt og utdanning, og det er eit politisk ansvar å førebyggja dette gjennom ein tydeleg folkehelsepolitikk og sikra likeverdige helsetenester uansett kvar ein bur i landet, eller kva bakgrunn ein har. Senterpartiet vil løfta helsetenesta sitt verdigrunnlag og samfunnsansvar. Helsetenester må byggja opp under dei grunnleggjande verdiane i samfunnet, som likeverd, rettferd og solidaritet. Helsetenester må vera politisk styrte og sikra nasjonale mål. Senterpartiet vil skapa eit helsevesen som skapar tryggleik i samfunnet. For å få det til må vi prioritera eit sterkt offentleg helsevesen som er til stades over alt og for alle, og da må vi satsa på fastlegeordninga og løfta kommunehelsetenesta. Det er ein del bekymringar. På under tre år har 1 980 legar slutta i jobbane i offentlege sjukehus, ifølgje TV 2. Det inkluderer ikkje legar som har gått av med pensjon. Dette er veldig høge tal. Helse- og omsorgsministeren har sagt at han vil skapa verdas beste helseteneste i Noreg, men då må ein starta med å skapa eit helsevesen legar vil jobba i over tid. No mistar sjukehusa både erfarne legar og nyutdanna i starten av sin karriere. Det er flott at vi har fått ei betring i fastlegekrisa, men det hjelper lite om ein ikkje klarar å stoppa den kompetanseflukta ein no ser frå offentlege sjukehus. I trontalen vart det varsla ei helsereform frå regjeringa, men den reforma norsk helsevesen treng, er å avvikla helseføretaksmodellen og ta norske sjukehus tilbake igjen til offentleg forvaltning, med stadleg og fagleg leiing. Vi må slutta å driva sjukehus som butikk. Det er ingen grunn i verda til at akkurat helse, beredskap og sjukehustenester er så spesielt at vi må styra det etter bedriftsøkonomiske prinsipp, og det er heller ingen grunn til å akseptera ei utvikling med fleire og fleire godt betalte direktørar i helseføretaka. No har vi fleire sjukehusdirektørar enn intensivsenger i norske sjukehus, og det seier litt om byråkratmakta – at byråkratar i dag har stor makt til å bestemma over helsetilbodet vårt. Senterpartiet vil ta rekneskapslova bort frå sjukehusa, sånn at vi skil investering og drift, og at større investeringar i sjukehusbygg må fullfinansierast over statsbudsjettet i staden for at ein må kutta i tenester og drift. Vi vil ha ein helsepolitikk som sikrar desentraliserte akutt-, føde- og barseltilbod, ei ny retning som hindrar nedbygging og den manglande satsinga vi ser innan rus, psykiatri og rehabilitering, og som styrkjer og vidareutviklar lokalsjukehusa, grunnmuren i helsetenesta vår. Vi vil løfta kommuneøkonomien og kommunehelsetenesta, inkludert eldreomsorga, og vi vil hindra at kommunane må ta imot stadig sjukare pasientar frå sjukehus utan at finansieringa følgjer med. Vi må òg ta vare på og løfta pårørandepolitikken. Senterpartiet vil altså ha ei helseteneste og ein helseberedskap som gir likeverdige tilbod i heile landet, som skapar tryggleik i samfunnet og tillit i befolkninga – ei offentleg helseteneste der helsepersonell vil og kan klara å jobba.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
