Replikk · 13. okt 2025

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Eg vil takka for at replikken kom på folkehelse. Eg er bekymra for at vi har ein trontaledebatt der mange forslag og innlegg er om helse, men veldig få tar opp folkehelse, så takk for det. Vi har jobba godt saman med Arbeidarpartiet og eigentleg eit fleirtal på Stortinget for å få gjennom viktige folkehelsesatsingar, særleg satsingar som er viktige for barn og unge. Som eg tok opp i innlegget mitt, er det ei stor urettferdigheit i Noreg i dag at helse er ulikt fordelt, og at ein er avhengig av inntekt og utdanning når det gjeld kor godt liv ein skal få, og kor lenge ein faktisk lever. Invitasjonen var veldig generell, så eg kan svara generelt tilbake: Ja, vi og eg er veldig positive til at vi skal samarbeida for ein veldig god folkehelsepolitikk. Så må vi gå inn i dei enkelte forslaga, for det har jo alltid sine sider. Det skal òg ha tillit i befolkninga.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat