Innlegget
No høyrest ikkje eg ut som det Framstegspartiet har sagt i alle år, for Framstegspartiet var faktisk med på å innføra helseføretaksmodellen, så då var det iallfall andre tonar frå Framstegspartiet. Eg er likevel glad for at Framstegspartiet no har snudd og er einig med oss i at dette ikkje er ein klok måte å styra, organisera og finansiera sjukehustilbodet vårt på. Det som er viktig for oss, er at vi får meir folkevald styring. Først og fremst er det viktig å få ein styrande nasjonal helse- og sjukehusplan – det trur eg Framstegspartiet er einig med oss i – slik at denne forsamlinga kan ta stilling til og vedta dei store endringane: kvar sjukehusa skal liggja, kvar dei største tilboda skal vera, og òg ta stilling til store investeringar, på same måte som vi tar stilling til andre statlege investeringar. Så vil vi òg ha ein modell for folkevald styring lokalt. Vi er imot Framstegspartiet sin modell med eit sjukehusdirektorat som skal ta alle avgjerder her i hovudstaden.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
