Innlegget
Takk for replikken. Eg trur vi kan samarbeida veldig mykje om både legemiddelberedskap og antibiotikaresistensutvikling, osv. Når det gjeld erfaringa frå pandemien og beredskap, er det sjølvsagt slik at vi er for eit samarbeid både i Europa og i Norden, og sjølv om vi er imot EU, er vi for Europa. Under pandemien trur eg òg vi var glade for at vi kunne ha noko å seia når det gjaldt kva tid vi ønskte å stengja grensene for smitte som gjekk, og at vi hadde ein diskusjon om det òg nasjonalt. Svaret er ja, vi vil vera ein pådrivar for at vi skal ha eit samarbeid i Europa bl.a. om legemiddelberedskap og annan beredskap, men vi vil òg løfta det nordiske samarbeidet. Det hindrar ikkje at vi må ta eit større ansvar nasjonalt for å få f.eks. nasjonal produksjon av legemiddel opp igjen i Noreg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
