Replikk · 13. okt 2025

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Takk for gratulasjonen og takk for invitasjonen. For å seia det sånn: Ei av mine første politiske saker i Senterpartiet – eg har jo vore i Bergen bystyre i mange år – var barns rett til å ha ein leikebakke som var så stor at ein slapp å aka i sving. Eg har veldig stor forståing for og er begeistra for denne delen av Miljøpartiet Dei Grøne sin politikk, det er utruleg viktig for folkehelsa og utruleg viktig for barn og unge sin oppvekst. Til og med Senterpartiet forstår at det er veldig mange barn og unge som bur i byar og tettbygde strok, og at vi må skapa dei gode nærmiljøa, dei grøne lungene og eit miljø der som ikkje er farleg å veksa opp i. Sjølvsagt vil vi vera med og sjå på kva vi kan gjera betre akkurat på det området. Det er ein viktig del av folkehelsepolitikken.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat