Innlegget
Eg vil gratulera med stortingsplass. Vi er iallfall eit parti som står saman med dykk om å seia heilt tydeleg nei til narkotika, så eg kan helsa med det. Eg har tenkt å spørja om familiepolitikk. Eg har vore ein av representantane som i mange år har synst at KrF har ein god politikk der, som vi deler veldig mykje av, men eg har rett og slett vorte skuffa over at KrF eigentleg har gått i den andre grøfta. Ein vil ikkje berre justera ei tredeling – det kan eg forstå at det er argumenter for – men også fjerna heile fedrekvoten. Så langt ønskjer ikkje eg at vi skal gå i Noreg. Vi veit at fedrekvoten har ført til haldningsendringar, til at det er lettare for fedrar å vera heime og til at fedrar lettare er som ein heilt naturleg omsorgsperson. Meiner eigentleg KrF at ein faktisk skal ta bort heile fedrekvoten? Er ein ikkje bekymra for konsekvensane av ein slik politikk?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
