Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 13. okt 2025

SakMøte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10
Innlegget
Eg er lege og kirurg og har jobba i faget heilt fram til eg blei vald inn her. Det er god grunn til å stille spørsmål ved leiarløningar, men eg synest det er endå større grunn til å spørje om vi har rett leiarkompetanse og rett leiingskultur. Erfaringa mi er at leiarar innan helse i altfor stor grad har minimal kontakt med grasrota og er usynlege ute i avdelingane dei skal leie. Dei er prega av interne møte og rapportering oppover, og det blir vanskeleg å skilje vesentlege frå mindre vesentlege klager og dermed prioritere rett. Vi som er helsearbeidarar, er vane med å drukne i dokumentasjon og byråkrati, og vi har etter kvart stor utryggleik i jobben på grunn av stadig lågare terskel for kva som kan kallast for ein feil. Spørsmålet mitt til statsråden er: Vil han bidra til ein annan leiingsfilosofi, der god og tett kontakt med fagfolk og fotfolk er sentralt, og der dokumentasjonen skal ned og tryggleiken til fagfolka opp?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat