Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Først vil eg gratulere representanten Tonje Brenna med vervet som parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet, og eg vil frå SV invitere til godt samarbeid. I dette valet valde ikkje folk skattelettar for dei få på toppen; dei valde fellesskap og velferd for dei mange. Difor har fleirtalet i denne salen også peikt på Jonas Gahr Støre som statsminister, og det er i dette fleirtalet regjeringa må finne einigheit og samarbeid, om dette skal gå bra. Eg registrerer at regjeringa likevel har valt å bruke dei store invitasjonane etter valet til å vende seg til høgresida, som å gjenta invitasjonen til eit skatteforlik. Difor lurer eg på: Kva er det som får Arbeidarpartiets parlamentariske leiar til å tru at ein sikrar eit forlik som omfordeler, tettar skattehol og omstiller Noreg, når det er høgresida dei vender seg til?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
