Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 13. okt 2025

Marthe Hammer
Marthe Hammer
Sosialistisk Venstreparti·Hordaland

SakMøte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Fleirtalet i dette valet valde fellesskap og velferd, ikkje skattelette til dei få. Det betyr at det arbeidet SV sikra i førre periode, gjennom ei rekkje fornuftige skattegrep for å redusere forskjellane, som å auke formuesskatten og å tette skattehol, må fortsetje. Millionar blei pøste inn i valkampen for å støtte høgrepartia, men likevel tapte høgresida valet. Dei tapte det i stor grad fordi formuesskatten var korthuset som ramla saman. I fleire år har høgresida, med sine milliardærar, fortald ei historie om at formuesskatten er skadeleg for norsk næringsliv. Sjølv om solid forsking i stor grad har underbygd det motsette, låg forteljinga om ein urimeleg skatt over debatten lenge – heilt til «trollmannen frå Os» kom. Denne gongen er det ikkje eventyret eller filmen eg siktar til, heller ikkje Framstegsparti-ordføraren i Os, Terje Søviknes. Eg siktar til Asle Olsen, oljearbeidaren og SV-medlemen frå Os, og hans nettside faktaomformuesskatt.no. Etter år med anekdotar om påståtte verknader av formuesskatten gjekk Olsen igjennom tala for bedriftene. Kor mykje har eigarane teke ut i utbytte, og kor mykje har dei betalt i formuesskatt? Det same gjekk igjen: Det var teke ut betydeleg meir i utbytte enn det som blei betalt i formuesskatt. Formuesskatten var ikkje deira største problem. Etter kvart skjønte lokalaviser og nasjonale medium kva slags sprengstoff «trollmannen frå Os» sat på. Bedrift etter bedrift måtte innrømme at forteljingane deira ikkje heldt. Millionkampanjar forkledde som journalistikk, med Aksjon for norsk eierskap og Fellesaksjonen – for verdiskaping og privat norsk eierskap, blei punkterte av Olsen og fakta. Kvifor seier eg dette? Jo, fordi eg meiner at det snudde valkampen, og at det å tore å gå inn i skattedebatten er avgjerande for å vite kva slags interessekampar som finst i norsk politikk. For SV er det viktig med gode rammevilkår for næringslivet og eit rettferdig skattenivå som omfordeler meir av verdiane i samfunnet og som skaper trygge, grøne arbeidsplassar. Aukande økonomisk ulikskap legg til rette for polarisering og mobilisering av ytre høgre. Når vanlege folk får det verre, mens dei aller rikaste stikk av, mistar folk tilliten til dei som styrer, og vender seg til ytterleggåande høgreparti, som Reform UK i Storbritannia, og Trump blir attvald i USA. Det har gått så langt at ordet «klima» ikkje kan bli brukt i søknader i USA. Det faktum at vi risikerer å miste tilliten til noko så grunnleggjande som klima og vêrdata, set heile klimakampen i fare. Det burde bekymre langt fleire enn berre venstresida. Difor må vi i Noreg ikkje vere naive i møte med vår eiga ulikskapsutvikling. I Noreg hadde vi 436 milliardærar i 2024. I år 2000 hadde vi 40. Vi har no ein formuesulikskap i Noreg som er på nivå med land som nettopp Storbritannia og USA. Det seier noko om kvar samfunnet vårt er på veg. Formuesskatten blir ofte kalla særnorsk, men debatten om å skattleggje formue er langt frå særnorsk: «Tax wealth, not work». I ei rekkje andre land veks det no fram ei større mobilisering rundt det heilt rimelege kravet om å skattleggje formue meir, ikkje arbeid. Dette kravet går inn i kjernen av den norske skattedebatten, der Noreg har gått framfor. I møte med ei uroleg verd hastar det meir enn nokon gong å gjere meir av det vi veit fungerer, nemleg å sikre meir velferd og mindre forskjellar – ikkje det motsette. Det er det SV har gjort og skal gjere meir av. Vi vil betre økonomien til vanlege folk, slik at foreldre kan betale rekningane sine, slik at færre barn veks opp i fattige familiar. Vi vil sørgje for at fleire folk jobbar med å passe barna våre, stelle dei eldre og behandle dei sjuke. Vi vil også fortsetje å utvide velferda med store, nye velferdsreformer. SV er gjennomføringspartiet. Våre gjennomslag og velferdsreformer er så gode og populære at når regjeringa i trontaledebatten skal skryte av kva dei har fått til, er det gjennomslaga til SV dei viser til: auka barnetrygd, gratis SFO, auka studiestøtte, fleire studentbustader, billigare tannhelse og aukingar i ei rekkje ytingar til dei som har minst. Skal vi fortsetje å gjere det som verkeleg hjelper folk i dyrtid, som verkeleg får folk ut av fattigdom, og som får fleire folk på jobb, gjer regjeringa lurt i å kome SV i møte i komande forhandlingar om statsbudsjett. Vi har i to år vore vitne til omfattande krigsbrotsverk, okkupasjon og folkemord i Gaza. Nesten 70 000 er drepne. Med våpenkvila er det no eit lysglimt over Gaza, men våpenkvila er ikkje ein fredsavtale. Noreg må halde presset oppe og sikre at vi ikkje er medansvarlege for folkemord og folkerettsbrot gjennom investeringane våre i oljefondet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat