Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 14. okt 2025

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte tirsdag den 14. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Eg vil ta opp to saker som viser kor viktig det er at staten tek ansvar, både for offera etter urett og for dei eldre, som har bygd landet vårt. Den første gjeld offera etter psykolog Sverre Varhaug, som takk vera statens manglande oppfølging fekk gjera grove overgrep mot unge menn over fleire tiår. Trass i varsel og domar fortsette staten å senda sårbare unge menn til serieforbrytaren, som avisa VG har døypt «Dukkemannen» for si evne til å manipulera og øydeleggja. Mange av offera er dessverre døde. Nokre orka ikkje leva lenger. Dei få som framleis lever, er eldre og sjuke og kan truleg teljast på ei hand. I juni bestemte Stortinget at dei få overlevande skal få erstatning. Det er ikkje snakk om behov for ei ny ordning, men om utbetaling av erstatning til dei som er igjen. Eg blei difor svært forundra og lei meg då eg nyleg blei klar over at departementet trenerer saka ved å visa til utarbeiding av ei ordning. Lat meg vera tydeleg: Det er ikkje det Stortinget har bedt om. Oppdraget til regjeringa og departementet er å finna rett erstatning og så utbetala. Eg vil innstendig be: Gjer det som Stortinget bad om, finn rett erstatning, og betal ut – no. Den andre saka gjeld våre eldre – dei som bygde landet, men som altfor ofte blir gløymde når dei treng oss mest. Ei undersøking frå Nasjonalt senter for aldring og helse viser at talet på eldre med depresjon kan doblast fram mot 2050 – til 160 000 menneske. Særleg utsette er menn over 80 år. Einsemd og mangel på aktivitet tek livsgnisten frå mange. Eg ser det veldig tett på. Foreldra mine er snart 94 år. Far min har i det siste blitt veldig tung til sinns. Når han slit, slit alle rundt han. Kvardagen hans er tung – smerter, lite søvn og redsel for fall. Han har levd eit rikt liv. No er kroppen skrøpeleg, men hovudet er framleis klart. Mor mi har Parkinsons sjukdom. Ho får trening ein gong i veka i fem veker og så fem veker av – fem veker til å forvitra. Kvar er logikken? Me snakkar mykje om psykisk helse, men eldre blir gløymde. Løysinga blir ofte å gje medisinar, men det som trengst, er menneske, fellesskap, aktivitet og venskap. Me må tenkja nytt om eldreomsorg. Thore Liverød i Larvik står bak prosjektet Otium Saltbrygga. Der bur eldre – frå 60 år og oppover – og dei møtest, trener, et og ler saman. Mange hadde kanskje vore på sjukeheim utan dette tilbodet. Slike idear skaper liv og ikkje meir byråkrati. Framstegspartiet kjempar for valfridom og verdig liv – heile livet. Det må også gjelda dei som er 67 eller 100 år. Me må våga å snakka om alderdomen, om døden og om det som ventar. Til slutt: Lat oss ikkje gløyma dei som bygde landet. Lat oss stå opp for dei, lat oss gje dei livsglede heilt til siste dag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat