Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Mangelen på arbeidskraft kjem til å bli ei stor utfordring for oss framover, og då treng vi ein stor innsats for at ungane våre skal lykkast i skulen. Altfor mange elevar opplever i dag ein skulekvardag prega av teoritunge timar og mykje stillesitjing. Når praktisk læring manglar, mister vi dei elevane som ikkje lærer best gjennom teori. Dei siste åra har Senterpartiet fått på plass viktige grep. Vi har fått på plass obligatorisk arbeidslivsfag. Vi har fått på plass meir rom for praktiske valfag på mellomtrinnet, og vi har satsa på utstyr og støtte til kommunane. Dette var viktige prioriteringar for oss då vi deltok i regjeringssamarbeidet, men vi må vidare. Vi treng fleire møteplassar mellom elevar og arbeidslivet tidleg i skuleløpet. Det vil gje meir praktisk læring og betre moglegheiter for lærlingplassar for dei som seinare vel yrkesfag. Vi treng ventilar sånn at elevar som ikkje meistrar skulen, slik han er lagt opp no, får moglegheit til å utfalde seg gjennom samarbeid med arbeidsliv eller andre aktivitetar. Dette samarbeidet må gjerast meir fleksibelt og mindre regelstyrt. Samtidig må vi redusere testregimet i norsk skule, vi må kutte detaljstyring og gje lærarane meir tillit og tid. Det er bra for lærarane, men det er ikkje minst bra for elevane. Noreg er eit langstrekt land med levande lokalsamfunn og trygge nærskular. Vi må verne om denne desentraliserte skulestrukturen sånn at det er kort veg til skulen, uansett om du bur i by eller bygd. Nærskulen er ofte den viktige møteplassen i lokalsamfunnet. Det byggjer tilhøyrsel. Fleire elevar kjenner at dei høyrer til i eit lokalsamfunn, og fleire lokalsamfunn bryr seg om det som skjer på den lokale skulen. Til slutt: Vi må rekruttere fleire lærarar. Senterpartiet er glad for at vi har snudd ein negativ trend i opptaket til lærarutdanningane, men det er ikkje nok. Difor vil vi opne for ei treårig lærarutdanning – for ein lærar med bachelorgrad er betre enn ein ufaglært i klasserommet, og i altfor mange norske klasserom i dag er det ufaglærte som underviser, fordi vi ikkje får tak i dei lærarane vi treng.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
