Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det var ein representant frå Arbeidarpartiet litt tidlegare i dag som var veldig oppteken av å snakke sant, vere truverdig og ikkje minst sannferdig. Då har eg tenkt å gjere eit lite besøk hos ein person i Arbeidarpartiet. Det gjeld representanten Per Vidar Kjølmoen i Møre og Romsdal. For ei tid tilbake reiste han rundt og teppela Vestlandet og Møre og Romsdal med eit innlegg der det stod: «Ap leverer der FrP sviktet – på Stad også.» Det gjeld altså Stad skipstunnel. Då lurar eg verkeleg på om Arbeidarpartiet har ein stor jobb å gjere internt i å rydde opp i eigne rekkjer – at folk faktisk bør begynne å snakke sant. I valkampen reiste same person rundt i Møre og Romsdal og bedyra at Arbeidarpartiet skulle støtte Stad skipstunnel. Det er ganske spesielt at statsminister Støre frå Arbeidarpartiet no ynskjer å skrote Stad skipstunnel, når fyrstekandidaten til Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal har skrive lesarinnlegg, teppelagt media og lova innbyggjarane og næringslivet at ein skal gjennomføre det. Det er ganske fantastisk. At Arbeidarpartiet ikkje støttar opp om ei av dei største næringane i Noreg, er ganske ufatteleg. Kyst- og sjøfartsnasjonen Noreg er ikkje viktig lenger. Vi har ein statsminister som ikkje er interessert i eit av dei største og farlegaste kystområda våre. Stad er eit område der store næringar må liggje og vente. Det er ikkje berre det at det er livsfarleg. Dette sørgjer også for at vi ikkje får varer frå viktige næringar over på kjøl, og i staden må køyre bil på alle vegane våre, når dei heller kunne vore frakta på sjøen. Når eg les riksmedia – ein del redaktørar og andre – vert eg rett og slett sint. Det er redaktørar som sikkert ikkje har hatt anna med kysten å gjere enn å ha løpt på sandstranda på Sørlandet og duppa med tærne. No ynskjer dei å framstå som skipperar, men dei har ikkje sett korleis det er å gå forbi Stad og vere på dei farlege hava våre. Det er forakt for kysten. Kystområda får 17 mrd. kr i Nasjonal transportplan dei neste tolv åra. Til veg er det sett av 548 mrd. kr og til jernbane 484 mrd. kr. Kysten får 17 mrd. kr. Norsk presse går til angrep på ei heil næring og på ein kyst som faktisk leverer store delar av verdiskapinga i dette landet og held heile Noreg i gang. Eg er skuffa. Eg er veldig skuffa over statsminister Støre, som kan finne på å gå til eit slikt angrep på kysten og dei store næringane våre. Vi i Møre og Romsdal skal kjempe for å få Stad skipstunnel på plass. Der står vi skulder ved skulder med Vestland, og vi står skulder ved skulder med våre næringar og alle som ferdast der det er farleg på sjøen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
