Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 14. okt 2025

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte tirsdag den 14. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Gjennom valkampen stod kandidatane til Arbeidarpartiet på kvar holme og kvart nes i dette landet og presenterte gladnyheiter og lovnader om pengar til både det eine, andre og tredje gode føremålet. Langs kysten augna folk håp om at det endeleg skulle kome flytande eit reelt samferdselsløft, etter mange år i skuggen av prestisjeprosjekt i sentrale delar av landet. Folk gjekk til valurnene, fulle av optimisme for framtida, men no ser vi at Arbeidarpartiet nok ein gong sviktar kysten. Senterpartiet er ikkje motstandar av større samferdselsprosjekt. Vi treng gode kvardagsvegar og ein moderne jernbane. Vi må evne å sjå heile landet når vi skal prioritere. Det er mottoet til Senterpartiet. Når Arbeidarpartiet snakkar varmt om distrikta, men varslar eit budsjett som lar kysten stå åleine i stormen, føler folk seg lurt – og det med god grunn. Senterpartiet står fast på at samferdselspolitikk skal byggje opp heile landet. For å få til det må vi ta vare på det vi har, utbetre der vi kan, og byggje nytt når vi må. Det hjelper lite med berre nye investeringar viss fylkesvegar sklir på havet. Det hjelper heller ikkje med jernbanesatsing viss pengane går til å sikra at Moss ikkje skal skli på havet. Eg er glad for at vi no ser ut til å få fleirtal for forslag nr. 28, om å sikre at Kystverket kan halde fram og fullføre dei pågåande forhandlingane med dei utvalde entreprenørane. Stad skipstunnel er noko av det vi må byggje. Nokon påstår at det er symbolpolitikk, men for dei som bur og jobbar langs kysten, handlar det om kvardagen. Det handlar om sikkerheita til sjøfolk, det handlar om konkurransekrafta til kysten, og det handlar om regionbygging. Det handlar om å gje folk tryggleik for at staten ser dei som bur der bølgjene bryt mot land. Difor vil Senterpartiet fortsetje å kjempe for ein samferdselspolitikk som ser heile landet, som bind oss tettare i hop, og som let oss ta i bruk heile landet vårt.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat