Innlegget
Kor mange gonger vart matberedskap nemnt i innlegget til Bård Hoksrud? Null! (Munterheit i salen.) Det er to grupper i samfunnet som skal vera særleg glade for at me ikkje fekk eit politisk skifte ved valet. Det er for det fyrste dei som produserer maten vår. Den andre gruppa som skal vera glad, er alle dei som kvar einaste dag treng mat – både i gode dagar og ved krise og krig. Matproduksjon er ei næring som er heilt avhengig av dei politiske rammevilkåra, og det er eit område der det er stor politisk avstand i Stortinget. Senterpartiet kjem i den perioden me går inn i, framleis til å ta leiarskap for å utvikla eit landbruk i heile landet for å styrkja sjølvforsyninga vår. I den sikkerheitspolitiske situasjonen me står i, må me tenkja meir på å prioritera matproduksjon og matberedskap. Det handlar om matlagring, det handlar om den løpande matproduksjonen, det handlar om bruk av fiskeriressursane våre. Me har rett og slett ikkje råd til ikkje å vera førebudde. Det er ikkje mogleg å snakka om beredskap på ein seriøs måte utan å ta med matberedskap. Senterpartiet presenterte i valkampen Matløftet 2030. Der varslar me ei framleis satsing på norsk matproduksjon. Me ønskjer auka lønsemd i alle delar av jordbruket. Då treng me politiske verkemiddel: tollvern, jordbruksforhandlingar, marknadsregulering. Alt dette er Høgre og FrP motstandarar av. Når det gjeld mat og klima, er det viktig å seia at det er forskjell på ku og kol. Det har vore eit viktig prinsipp at det ikkje skal innførast avgift på norsk matproduksjon. Om det prinsippet står seg òg for regjeringa, vil me få svar på i morgon, når statsbudsjettet vert lagt fram. Det er ein usedvanleg dårleg idé å tenkja seg at ein skal avgiftsleggja norsk matproduksjon. Resultatet vil vera at ein styrkjer konkurransekrafta utanlandske bønder har til å levera mat inn i Noreg. Me svekkjer beredskapen vår. Difor vil eg signalisera at Senterpartiet er ein kraftig motstandar av å innføra avgift på norsk matproduksjon. Det er eit brot med prinsippet om at me skal måla utslepp per produserte eining, og at me ikkje skal kutta utslepp med å auka importen. Innanfor landbruket er me godt på veg, men det er viktig å signalisera at me framleis ikkje er i mål.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
