Innlegg · 14. okt 2025

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte tirsdag den 14. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Eg vil takka for debatten. Det har vore ein interessant debatt. Det har vore mange harde angrep frå Framstegspartiet mot spesielt Arbeidarpartiet, og så er det interessant å sjå korleis det gjev seg utslag når ein kjem til avstemming. Senterpartiet har eit forslag om leiarløningar i helseføretaka, der me føreslår at ein skal leggja til grunn statens leiarlønssystem. Nei, det kan ikkje FrP stemma for. Dei går saman med Arbeidarpartiet for å sikra fleirtal for ei langt slappare formulering. Me har eit tydeleg forslag frå Senterpartiet om å skilja drift og investering i sjukehusa våre. Der skulle me tru at me hadde støtte frå FrP, men dei søkjer saman med Arbeidarpartiet og sikrar fleirtal for eit mykje slappare forslag. Me har eit forslag saman med Høgre om å flytta Politihøgskulen ut av Oslo. Det skulle me jo tru hadde støtta til FrP, men nei, dei går saman med Arbeidarpartiet for å sikra den prosessen som går føre seg. Det er noko av det eg synest er litt underleg med denne prosessen. Så har det for Senterpartiet vore viktig at me har fremja forslag saman med alle partia på Stortinget. Mange av desse forslaga kjem i voteringa til å få fleirtal. Det er denne måten me ønskjer å jobba på i dette Stortinget. Me ønskjer å ha ei nøkkelrolle og samarbeida med alle parti om saker som me er einige om. Til slutt berre ei kort stemmeforklaring til forslag nr. 40: Det kan sjå fint ut, og gjeld tenestetilbodet ved Lærdal og Nordfjord sjukehus, men det forslaget stemmer Senterpartiet imot, for det forskoterer det kuttet i tilbodet som Senterpartiet er mot.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat