Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
SV har store ambisjonar for korleis me skal byggja landet, og det trengst. Næringspolitikken her til lands har altfor lenge handla om at folkevalde trekkjer seg tilbake og lar pengesterke aktørar leggja premissane. Altfor lenge har internasjonale maktforhold og overnasjonale avtalar lagt føringar for kva me skal leva av, kven som skal få inntektene, og kor folk skal bu. Altfor lenge har me gjort oss sårbare og avhengige. Slik kan me ikkje ha det lenger. I staden må me venda blikket til lokalkunnskapen og det lokale ressursgrunnlaget. I staden for kvartalsrekneskapen må det lange tidsperspektivet vera førande. SV har som mål at Noreg framleis skal vera ein avansert industrinasjon. Det er langt frå sjølvsagt, for i dag risikerer me å bli ein rein råvareleverandør til Europa. Skal me unngå det, må me for det første ta vare på den eksisterande, landbaserte industrien vår. Å sikra industrien tilgang til rimeleg kraft er nøkkelen for å få det til. Me har ikkje råd til å skusla vekk det eine prismessige konkurransefortrinnet me har hatt, nemleg låge og stabile straumprisar. For det andre må me skapa ein gradvis og planmessig overgang for leverandørindustrien – frå å vera avhengig av olje og gass til nye, grøne oppdrag. Særleg i mitt kjære oljefylke, Rogaland, treng me fleire bein å stå på. Me kan ikkje venta på at marknaden tvingar oss til omstilling gjennom eit brått fall i oljeinntekter. SV har ein betre plan. Det er å gradvis fasa folk, kapital og teknologi inn i fornybare næringar. Noreg må produsera meir mat på norske, lokale ressursar. Sjølvforsyninga og bondeinntekta må opp, importen må ned. Heile verdikjedene, frå bonde til middagsbord, må hengja saman og gje inntekter og arbeid. Me må bli mindre avhengige av internasjonale forsyningskjeder, både for å redusera klimautslepp og spara natur og også for å styrkja beredskapen. SV vil stoppa ranet av lokalsamfunna langs kysten. Fiskekvotane skal gå til lokale fiskarar, og fisken skal leverast til industri som gjev lokale arbeidsplassar. Eit variert næringsliv over heile landet vil gje grunnlag for busetjing og eit godt liv. Me treng eit næringsliv som ikkje utarmar naturen, men som tek i bruk ressursane der dei finst. Eit slikt næringsliv styrkjer beredskapen i møte med ei uroleg verd og usikre tider.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
