Innlegg · 14. okt 2025

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 14. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Eg skal gjera greie for standpunkta til Senterpartiet i ein del helseforslag. Vi stemmer for vårt eige forslag om leiarløningar i helseføretaka, forslag nr. 33, om at helseføretaka skal følgja leiarlønssystemet til staten. Vi støttar difor ikkje forslag nr. 8, frå Raudt. Vi støttar forslag nr. 7, frå Raudt, om ei sak til Stortinget etter gjennomgang av bruken av leiarløningar og tilhøyrande ordningar for direktørar i Helse nord og andre helseføretak. Vi støttar ikkje forslag nr. 19, frå Arbeidarpartiet, om det same, for det er meir upresist. Ein vil heller ikkje få ei sak tilbake til Stortinget om dette viktige spørsmålet. Vi står for vårt eige forslag nr. 29, om endringar i finansieringa av helseføretaka, slik at det vert skilt mellom drift og investering. Vi støttar ikkje forslag nr. 22, frå Arbeidarpartiet, om det same. Det er fordi det ikkje er konkret – det er berre at vi vedtar at regjeringa kan få greidd ut mange ulike finansieringsmodellar – og det er heller ikkje forpliktande. Skal Stortinget visa politisk retning mot eit alternativ til dagens finansiering og sjukehusmodell, meiner vi at det ikkje held å la eit reformutval stå for all politikkutvikling og berre be om nye utgreiingar, utan ei politisk retning. Når det gjeld forslag nr. 34, om å stoppa kutta i tenestetilbodet i Lærdal og på Nordfjordeid, står vi ved vårt eige forslag. Vi kjem ikkje til å støtta, heller ikkje subsidiært, forslag nr. 40, frå Miljøpartiet Dei Grøne. Vi kan ikkje forstå korleis det er mogleg å få til eit minst like godt tilbod når ein skal kutta 100 mill. kr i tenestetilbodet for ortopedi, barsel og skadepoliklinikk. Vi meiner, som FrP, at forslag nr. 40 eigentleg er ei blankofullmakt til å gå vidare med dei kutta som er, og vi vil sterkt anbefala å støtta vårt forslag dersom ein bryr seg om korleis sjukehustilbodet i Sogn og Fjordane skal verta framover. Vi kjem til å støtta forslaga nr. 20 og 21, frå Arbeidarpartiet, om å utarbeida ein plan for å auka døgnkapasiteten i psykisk helsevern og om å vurdera vaksine mot RS-virus i barnevaksinasjonsprogrammet. Eg må samtidig seia at dei to forslaga er presist upresist skrivne. Ingen av dei har eigentleg stor verdi. Det er allereie vedtatt og gitt i oppdrag til helseføretaka å levera ein slik tidfesta og konkret plan. No er det berre ein plan, og han skal koma 1. november. Arbeidarpartiet skal få «labben» vår òg på dei to forslaga, men dei har ikkje den store betydninga.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat