Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 14. okt 2025

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 14. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Det er med stor respekt og rett og slett ærefrykt eg står på denne talarstolen og begynner arbeidet mitt som stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane. Eg skal vise meg tilliten verdig til alle som har stemt på MDG og på meg. I dag utgjer naturtapet ein eksistensiell trussel for menneskja. NRK har dokumentert at Europa byggjer ned natur i eit skremmande tempo, og Noreg er blant verstingane. Som naturvernar i sjela går dette sterkt inn på meg. Naturen blir utsett for angrep frå mange kantar. I Sogn og Fjordane, der eg kjem frå – det høyrest riktignok ikkje slik ut – byggjer dei ned kystfuruskog av høgste nasjonale verdi på Holmaneset i Bremanger for å byggje ein amoniakkfabrikk. Dette viser korleis naturverdiane blir vurderte altfor seint i planane, og alternativvurderingane er fullstendig fråverande. I Jølster blir Jostedalen nasjonalpark utfordra av eit gondolprosjekt som er heilt meiningslaust i ein gamal kulturarv som eg sjølv har gått i fleire gonger og sett stor pris på. Vindturbinar blir bygde i sårbar natur, og det er stadig nye planar utan at vi veit kva dette gjer med naturmangfaldet. Oppdrettsanlegg forureinar fjordane og truar villaksen. Verna vassdrag er under press frå utbyggingsglade politikarar, og leveområda til villreinen blir stykka opp og er under stort press. Det er på høg tid med eit historisk løft og ein historisk snuoperasjon for naturen, for å stanse naturtapet etter mange generasjonar der det har gått heilt gal veg og i skremmande stort tempo. Å stoppe naturtapet krev korkje ny teknologi, store investeringar eller internasjonalt samarbeid. Det er ei lågthengande frukt. Det krev berre at vi sluttar å byggje ned. Det er òg av dei mest effektive klimatiltaka vi kan gjere. Regjeringa treng verkeleg oss for å få til ekte grøn politikk. Det fleirtalet som regjeringa no byggjer på, er grønare enn det nokon gong har vore, og det må få store konsekvensar for den praktiske politikken og for naturen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat