Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 14. okt 2025

SakMøte tirsdag den 14. oktober 2025 kl. 10
Innlegget
Eg har lyst til å snakke om takksemd og om tillit. På denne tida i fjor var eg i Sør-Sudan som einaste kirurg på eit lite distriktssjukehus. Sør-Sudan er kanskje verdas minst utvikla land med ein «failed state», dessverre, og med ein svært høg dødelegheit blant mødrer og barn, heilt i verdstoppen. Der hadde eg det privilegium å få hjelpe menneske utsett for mykje forskjellig – frå bl.a. torturofre som var utsette for den grovaste tortur, til i den andre enden å ta imot velskapte barn med keisarsnitt og forhåpentleg bidra til betre mor-barn-helse, og å behandle tilfeldige ofre for væpna opprørarar. For meg var det eit stort privilegium og noko av det mest meiningsfulle eg har gjort i mi karriere som kirurg. Eg kjenner på stor takksemd for at eg har fått vere med på noko slikt – ikkje minst når eg kjem heim og ser kva eg kjem heim til, der eg lever på den lykkelegaste og beste staden på jorda, i den lykkelegaste tida av alle. Vi har eit fantastisk helsevesen med flotte, dyktige helsearbeidarar, men det er no eingong slik at vi ikkje skal kvile på laurbæra. Vi skal ikkje sjå til andre stader og seie at vi har det bra nok som vi har det. Vi skal jobbe med å bli betre i helsevesenet. Leger, sjukepleiarar, fysioterapeutar og andre helsearbeidarar må få lov til å jobbe med det dei er utdanna til, og gjere den fantastiske jobben dei kan. Vi må få slutt på unødvendig registrering, rapportering og dokumentasjon, og fagfolka må få tilliten og tryggleiken tilbake til beste for pasientane. Utrygge fagfolk og fagfolk som druknar i alt anna enn det dei skal drive med, gjer ikkje den jobben vi kan ønskje oss. Eg har fremja eit forslag, og det er fordi vi er mot nedbygging av lokalsjukehusa – som det blir lagt opp til i mitt område, i Helse Førde – på Nordfjordeid og i Lærdal. Samtidig er vi nøydde til å tenkje nytt om kva tenester som vil vere viktig å byggje opp på framtidas lokalsjukehus for å gje best mogleg tenester nær folk i åra som kjem. Difor meiner vi det er riktig å gjere endringar, men vi må gje noko tilbake, og vi må gje det som folk faktisk treng meir enn det dei har i dag. Difor har eg fremja forslag nr. 40. Det er mogleg det vil bli justert noko i tråd med at vi har ein dialog med Arbeidarpartiet. Forhåpentleg kan vi få fleirtal for forslaget med litt endringar. Så meiner vi det er god grunn til å sjå på leiarløner, og vi støttar difor Raudts forslag nr. 7, men synest at forslag nr. 8, som trekkjer konklusjonane, er altfor tidleg. Vi stemmer primært for Arbeidarpartiets forslag nr. 22, der ein vil greie ut og sjå på skiljet mellom investering og drift. Vi meiner det er uheldig å trekkje konklusjonane, slik Senterpartiet gjer i forslag nr. 29, og stemmer ikkje for det forslaget.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat