Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 14. okt 2025

SakMøte tirsdag den 14. oktober 2025 kl. 10
Innlegget
Først: Naturtapet må stansast, og difor meiner vi det er på høg tid å stanse dumpinga i Førdefjorden til det er rettskraftig dom. Eg skal dernest snakke kort om lokalsjukehusa. Vi er mot kutt i tenestene i Lærdal og på Eid, men det er samtidig nødvendig å utvikle framtidas lokalsjukehus. Å sementere det tilbodet vi har, i staden for å utvikle det nye som trengst endå meir, meiner vi er feil, og difor har vi fremja eit nytt forslag. Det lyder som følgjer: «Stortinget ber regjeringa sikre at endringar i tenestetilbodet ved Lærdal og Nordfjord sjukehus vil gje eit minst like godt fagleg tilbod på tenestestadene i Sogn og Nordfjord som i dag.» Vi har god dialog med Arbeidarpartiet om å utvikle dette og ønskjer å fortsetje det arbeidet, så stem for forslag nr. 40.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat