Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 22. okt 2025

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte onsdag den 22. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Eg takkar for svaret, men eg legg jo merke til at statsråden verken svarar meg eller folk i Sogn og Fjordane på kva som er akseptabel tid å vente på ein ambulanse. Den økonomiske situasjonen til Helse Førde, som tidlegare i dag har vore diskutert i spørjetimen, tilseier no at Helse Førde for å svare kostnader til staten på grunn av eit sjukehusbygg ein har investert i, vurderer ytterlegare svekking av ambulansetenesta. Då er eit naturleg oppfølgingsspørsmål om statsråden forstår at folk reagerer på at fordi ein då skal betale kapitalkostnader til staten, skal innbyggjarane finne seg i å måtte vente endå lenger på ambulanse i eit område som også i landssamanheng i dag har lang responstid på mange av utrykkingane.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat