Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 22. okt 2025

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte onsdag den 22. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Dette er jo ei problemstilling som helseføretaket står oppe i no. Det betyr at om eit utval presenterer ei løysing to eller tre år fram i tid, eller til og med eitt år fram i tid, kan desse endringane vere gjorde. Det einaste klare svaret som kan lesast frå regjeringa på dette, er jo i statsbudsjettet. Eg har registrert at ordføraren i Stad kommune var ute og jubla for 58 mill. kr som då skulle kome til Helse Førde knytt til desse omleggingane som no er føreslått, både i akuttmedisinsk teneste og i lokalsjukehusa. Det hadde vore bra om statsråden kunne klarere om desse 58 millionane er ein reell auke til Helse Førde, og om dei er retta inn for å hindre den nedbygginga av tilbod som no av økonomiske grunnar er føreslått i Helse Førde.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat