Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 22. okt 2025

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 22. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Eg håper inderleg at statsråden snakkar sant, for det er mykje som har skjedd den siste tida, men vi går ut frå det. Utgangspunktet er at vi er veldig bekymra i heile regionen. Det er eit veldig viktig prosjekt for Vestlandet, for Sogn og Fjordane, for Møre og Romsdal og for Innlandet – det er rett og slett ei samferdselsåre som verkeleg er avgjerande for heile området. Med dei signala som Statens vegvesen har kome med, er vi veldig bekymra. Å drive tunnel er å drive tunnel, det er ikkje ein kvikkfiks. Ein peiker frå regjeringa på kostnadsveksten som er kome på grunn av mange område – det er nullutslepps anleggsmaskiner, og det er mange andre krav som vert stilte. Kva er grunnlaget for at ein for ein tunnel klarar å leggje fram anslag som er så borti natta kostnadsdrivande? Det «haukar» ikkje, for ein tunnel er ein tunnel – det er ikkje ein kvikkfiks.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat