Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 22. okt 2025

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 22. oktober 2025 kl. 10

Innlegget

Vi har svært dårleg erfaring med region Midt-Noreg i Statens vegvesen. Det har vore ein føljetong av utsetjingar i store prosjekt i mange tiår, slik som E136, der pengane hamna i Møreaksen i staden. Det er ei heilt anna historie, men problemet er at det ikkje har vore styringsfart. Eg vert bekymra, for eg har lang erfaring frå bygging av tunnelar i Møre og Romsdal, eg har bygd store prosjekt. Eg trur ikkje eg tek for hardt i om eg seier at det å byggje tunnelar, tunneldriving, er påhogg, og tunneldriving er ganske greitt når det gjeld at ein veit kostnadene på det, korleis det ligg an. Så er det kostnadsdrivinga i anleggsbransjen, ja, men vi er bekymra fordi vi har dårleg erfaring med styringsfart frå den prosjektleiinga som no er sett ned, og vi er bekymra over at dette har drege ut i tid. Kan statsråden bekrefte at han vil gjere alt han kan for å ha styringsfart i dette prosjektet?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Frank Edvard Sve (Fremskrittspartiet) — Replikk · 22. okt 2025 — OverStortinget