Innlegget
Eg takkar for svaret, sjølv om statsråden ikkje svarer på spørsmålet mitt. Spørsmålet mitt var om det vedtaket som Stortinget gjorde, om å be regjeringa sikra eit minst like godt fagleg tilbod ved endringar som vert gjorde i helseføretaket, vil stoppa at dei f.eks. kan leggja ned barseltilbodet, som er fantastisk bra både på Lærdal og på Eid, og som er det ministeren elles viser til når han skal sjå til korleis framtidig barseltilbod i Noreg skal vera, eller om vedtaket vil hindra at ortopeditilbodet på Lærdal vert lagt ned. Eg trur folk er lei av liksomvedtak i Stortinget. Vi mangla éi stemme på å få eit vedtak om å stoppa desse omstillingane, så det er stort engasjement i Stortinget òg for det som no eventuelt skjer.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
