Innlegget
Eg er nok litt ueinig. Eg meiner at dei stadige utgreiingane, der folk lurer på om dei har ein jobb neste år, er gift for rekrutteringa til helsevesenet vårt. Eg meiner at vi ikkje skal gjera slike utgreiingar utan å meina noko med det. Ein skal ikkje greia ut berre fordi at «det må vi gjera». Eg ser at statsråden ikkje har den bekymringa. Eg vil òg åtvara mot å bruka helseføretakslova som ei trekkspellov, der statråden går inn og styrer når han vil det, og elles held seg veldig tilbake. Det er òg ein paragraf i helseføretakslova, § 30, som seier at statsråden skal gå inn når eit helseføretak gjer vedtak, eller vurderer vedtak, som har vesentleg betydning for tilbodet eller kan medføra omfattande endringar i tenestetilbodet, noko eg no meiner dei vurderer i Helse Førde. Spørsmålet mitt er: Vil statsråden bruka helseføretakslova § 30 og gripa inn i denne saka, ut frå det som no vert føreslått?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
