Innlegg · 4. nov 2025

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte tirsdag den 4. november 2025 kl. 10

Innlegget

No har me høyrt ein utanriksminister og ein stortingsrepresentant som har eit bankande hjarte for Den europeiske union, og eg er nokså sikker på at dei raskt ville vorte einige om at norsk EU-medlemskap ville ha vore det aller, aller beste. Det er Senterpartiet ueinig i, og det er folk i Noreg ueinige i. Det vart fokusert på etterslepet av EØS-saker. Frå Senterpartiets side støttar me kampen og arbeidet med å få ned etterslepet, men det må ikkje gå på kostnad av norske interesser. Er det saker frå EU som er uakseptable, kan me ikkje berre godta dei fordi etterslepet skal ned. Etter å ha høyrt på dei førre innlegga undrar eg meg litt. Kva er det eigentleg det vert peika på her? Er det sånn at EU gjer dette som ein straff eller ein sanksjon mot Noreg for vårt EØS-etterslep, vårt syn på Danmarks-kablar eller kva det måtte vera? Er det sånn at dette skjer fordi det er ein manglande vilje i EU, eller fordi EU meiner dette vil vera skadeleg for EUs industri? Eller er det sånn at når EU ikkje gjer dette og opnar opp for Noreg, er det eit resultat av tekniske avgrensingar og WTO-avtalens prinsipp om likebehandling ved innføring av beskyttelsestiltak? Det er veldig uklart. Eg tenkjer at viss ein skal løysa eit problem, er det veldig viktig at ein er tydeleg på kva som er problemet. Eg håpar at dette kan verta avklart på slutten av denne interpellasjonsdebatten. Er det sånn at dette er ein sanksjon mot Noregs framferd, eller er dette ei avgrensing som følgjer av WTO-avtalen og andre reglar knytte til likebehandling ved innføring av beskyttelsestiltak?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat