Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Ei av utfordringane på stasjonen er nettopp mangelen på parkeringsplassar. Bane NOR Eiendom eig areal rundt stasjonen som kunne ha vore brukte til pendlarparkering, men Bane NOR meiner at alle eigentleg skal sykle eller gå til stasjonen – det har vorte ein slags politikk. Det er ein fin tanke, men realiteten er at dei fleste ikkje vil ha råd eller kanskje moglegheit til å bu akkurat i det området, og at dei då ønskjer å ha moglegheita til å køyre bil, og må gjere det. Meiner statsråden at det er realistisk at vanlege folk som ønskjer å bruke toget, eine og åleine skal bruke sykkel eller gå til stasjonen?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
