Innlegget
Her vart det sagt at prising av utslepp er hovudverkemiddelet. Ja, men i jordbruket er det klimaavtalen for jordbruket – altså klimaavtalen mellom regjeringa og jordbruket – som er hovudverkemiddelet. Det er jo dette regjeringa no legg opp til å gå vekk frå. Under ei høyring i næringskomiteen heldt Norsk Landbruksrådgiving eit glitrande innlegg som viste kvifor innføring av avgift på mineralgjødsel er ein dårleg idé. Tidlegare i dag har me høyrt finansminister Jens Stoltenberg snakka om at det er ein god idé å innføra ei slik avgift. Han viste bl.a. til at norske bønder driv med betydeleg overgjødsling. Då er mitt spørsmål til landbruksministeren: Kven tenkjer ein har mest greie på agronomi og jordbruk av Norsk Landbruksrådgiving og økonomane i Finansdepartementet?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
