Replikk · 5. nov 2025

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte onsdag den 5. november 2025 kl. 10

Innlegget

Det kan godt vera at finansministeren sa dette med glimt i auget, men for bøndene i landet og for sjølvforsyninga i Noreg er dette alvor. Eg kunne vel skimta at landbruksministeren hadde stjerner i auga då han såg på finansministeren sin. Noko må jo openbert ha skjedd, for i eit oppslag i Bondebladet frå 5. februar 2025 kan ein lesa at Sandtrøen vil ha klimagulrot føre pisk for å nå klimamåla for jordbruket. Viss ein les saka, vil ein sjå at Sandtrøen er tydeleg på at klimaavgift er ein dårleg idé i norsk jordbruk. No har altså landbruksministeren lagt seg på linja til Finansdepartementet, og no er det pisk som gjeld. Klimaavtalen for jordbruket er sett til sides, norske bønder skal piskast, her skal prisane skruast opp. Korleis kan ein foreina det med auka sjølvforsyning av norsk mat?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Geir Pollestad (Senterpartiet) — Replikk · 5. nov 2025 — OverStortinget