Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 5. nov 2025

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakMøte onsdag den 5. november 2025 kl. 10

Innlegget

Eg blir tryggja av at då er Kystverket feilsitert og feiloppfatta, men det er mange som oppfattar at Kystverket har vore skeptisk til den nye rapporten, som peikar på at det er stor risiko for at torpedoane kan bli detonerte ved ei slik løysing. Ei av utfordringane ein har hatt lokalt, er at det er eit mandat frå regjeringa som berre handlar om heving av kvikksølv og så tildekking, og at ein utelukkar å heva heile ubåten og dermed eliminera risikoen for detonering. Viss dei faglege råda som kjem til statsråden neste vår, peikar på at ei heving av heile ubåten vil vera det beste, er det noko ved mandatet som utelukkar at den løysinga kan veljast?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat