Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Når ei statleg verksemd skal forplikte seg til ei husleigeavtale, er dette å binde opp store budsjettmidlar i mange år framover. Ved anskaffingar i staten av denne typen er det pålagt å vurdere dei økonomiske konsekvensane av avtala. Spørsmålet om bruk av Waisenhuset i Trondheim var ikkje tilstrekkeleg utgreidd før strategien for bevaring av kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg blei lansert. Difor melde Arbeidarparti–Senterparti-regjeringa i Stortinget i revidert nasjonalbudsjett for 2024 at ein tok sikte på å leige lokale for kyrkjebevaringsfondets administrasjon i Waisenhuset. Med bakgrunn i strategien og intensjonen om å leige Waisenhuset blei ikkje anskaffinga av kontorlokale lagd ut på den opne marknaden i Trondheim. Riksantikvaren, i samråd med Statsbygg, utarbeidde ein kravspesifikasjon med rom- og funksjonsprogram, og det blei bedt om eit tilbod frå Nidaros domkyrkjes sokn, som eigar av Waisenhuset og difor einaste tilbydar. Våren 2025 blei det lagt fram eit tilbod frå Nidaros domkyrkjes sokn, og tilbodet er evaluert av Statsbygg. Departementet har gått grundig gjennom dokumentasjonen. Det er der tilbode ein leigepris på 5 200 kr kvadratmeteren. I Trondheim sentrum ligg prisen for god kontorstandard på mellom 2 400 kr og 3 500 kr per kvadratmeter. Tilbodet som staten fekk, er svært kostbart, særleg i forhold til standarden på lokala, men òg samanlikna med kontorleigemarknaden elles i Trondheim. Difor meiner eg at me ikkje kan forsvare å inngå ei så langsiktig og dyr leigeavtale, òg med tanke på at det kviler på regjeringa og Stortinget å vise økonomisk ansvar. Om ein i tillegg inngår ei slik avtale utan konkurranse, kan ein kome i ein situasjon som kan dreie seg om ulovleg statsstøtte. For å svare representanten direkte på spørsmålet, meiner eg at lovnaden – med den presiseringa som forgjengaren min, Kjersti Toppe, tok inn i revidert nasjonalbudsjett for 2024 – er følgt opp. Regjeringa har, slik ein alltid skal gjere, gjennomført ein grundig prosess med intensjon om å leige lokale, som har leidd fram til eit tilbod me ikkje kan gå vidare med, når me veg det opp mot kostnader og risiko for staten. Det vil no bli invitert til ein open anbodskonkurranse om kontorlokale for sekretariatet, som skal liggje i Trondheim. Der er òg Nidaros domkyrkjes sokn velkome til å delta.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
