Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det første spørsmålet har eg nok allereie svart på. Me meiner det blir for dyrt, og difor kjem me til å lyse ut ein open anbodskonkurranse som òg Nidaros sokn kan delta i. Når det gjeld kostnader, har Nidaros domkyrkjes sokn – ifølgje dei opplysningane eg har – sidan 2022 investert om lag 20 mill. kr i dette bygget. Det er bl.a. til totalrehabilitering av tak og fasade. Grovkalkylen for prosjektet knytt til sjølve kontorlokala gav ein berekna prosjektkostnad på vel 22 mill. kr. Etter det eg er kjent med, er ikkje dei pengane soknet har brukt til tak og fasade, ein del av prosjektkostnadene knytte til kontordelen. Eg vil likevel understreke at om soknet har hatt utgifter direkte knytte til formuleringane i bevaringsstrategien, vil eg gjerne ha dialog med dei om det.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
