Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Takk for spørsmålet. Eg deler bekymringane til representanten – me har altfor mange barn i Noreg som ventar på ein fosterheim. Ved utgangen av andre tertial i inneverande år var det 374 barn som venta på fosterheim i Bufetats regionar. Det har vore ein betydeleg auke dei siste åra, og det skyldast bl.a. at det har blitt meir krevjande å rekruttere nye fosterheimar. Det er ikkje heilt rett å seie at desse ungane lever under omsorgssvikt. Eg legg til grunn at barna har eit forsvarleg tilbod mens dei ventar på ein fosterheim, men det er likevel veldig alvorleg at dei blir gåande lenge i ein uavklart situasjon. Dei fleste av barna som ventar på ein fosterheim, bur allereie i ein beredskapsheim. Nokre av ungane bur i ein fosterheim og skal ut av han. Nokre av ungane kan bu i ein institusjon og skal ut til ein fosterheim. Bufdir har sagt at éin av ti av ungane som ventar på fosterheim, bur med foreldra mens kommunane prøver ut hjelpetiltak i heimen. Med tiltaka frå fosterheimsmeldinga – som er vedteken i Stortinget, med brei støtte – og kvalitetsløftet for barnevernet får fosterforeldra betre økonomiske rammevilkår og meir makt til å ta avgjerder i kvardagen. Tiltaka skal òg forbetre samarbeidet mellom kommunane og staten og fosterheimane. Det er veldig viktig at kommunane stiller opp med det dei kan for fosterheimane sine. Det er òg viktig at andrelinjetenesta bidreg til å spille kommunane gode i arbeidet med å lage gode rammer rundt fosterheimane. Kompetansestøtteteamet, som no er under etablering i regionane til Bufetat, blir veldig viktig. Dei skal understøtte fosterheimsarbeidet til kommunane, ut frå dei konkrete behovet dei har i kvar sak, men dei skal ikkje minst òg – som representanten etterspør – bidra med rettleiing direkte til fosterforeldra, noko som har vore veldig sterkt etterspurt, bl.a. frå Fosterheimsforeininga. Det nye tilbodet til kommunane skal vere i drift frå 1. januar, og det ser eg fram til. La meg gjenta: Fosterheimskøen er alvorleg. Det er ikkje ein enkel kvikkfiks for dette, men no har me mange tiltak som er under utrulling, og som vil bidra til å avhjelpe situasjonen – men me veit veldig godt at me ikkje er i mål.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
