Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg er glad for at òg representanten har god dialog med Fosterheimsforeininga. Dei er det viktig at me både lyttar til og har god dialog med. Det er fleire av dei tiltaka som blei vedtekne i samband med behandlinga av fosterheimsmeldinga, som eg meiner at òg Høgre støtta, som no blir viktige for fosterforeldra sjølve. Det eine er det openberre: Me må bli betre på rettleiing. Kompetansestøtteteamet, som kjem på plass over nyttår, har eg difor stor tru på. Eg meiner òg at det å gje fosterforeldre auka makt til å ta avgjerder i kvardagen betyr mykje. Det eg trur at eg og representanten er heilt einige om, er at desse ungane skal ha det som andre ungar. Når barn bur i ein fosterheim, skal det vere heimen deira. Då er f.eks. det at me no arbeider med å få til auka makt til å ta avgjerder i digitale tenester for barn, kjempeviktig. I tillegg vil me ha auka bruk av spesialiserte hjelpetiltak i fosterheimane. Me vil ha auka bruk av familieråd. Samla sett trur eg at mange av dei tiltaka som no er på veg, vil både auke rekrutteringa av fosterheimar og gjere dette meir stabilt.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
