Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 5. nov 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 5. november 2025 kl. 10

Innlegget

Private kan òg levere enkelttenester til fosterheimsomsorga, men Arbeidarpartiet meiner at det er viktig for rettstryggleiken at det er barnevernstenesta som har avtalen med fosterheimane. Brot på bistandsplikt er noko av det eg har brukt mest tid på sidan eg blei statsråd i februar, og fleire gode spørsmål har kome frå kollegaer i Høgre om akkurat dette temaet. Det eg er glad for, er at me no ser ein ganske stor nedgang når det gjeld desse brota. For oss handlar dette om det me er einige om – det handlar om sårbare ungar som treng ein stabil livssituasjon. Dei kjem med ein ryggsekk som er tyngre enn kva veldig mange andre har. Difor var det viktig at me fekk igjennom kvalitetsløftet for barnevernet i Stortinget, som no set ei ny retning for institusjonstilbodet, i tillegg til at me skal styrkje rekrutteringa av fosterheimar.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat