Innlegget
Takk til representanten Trøen for å reise ein veldig viktig interpellasjonsdebatt. Alle barn som treng omsorg og støtte frå barnevernet, skal få den hjelpa dei treng. Dette utgjer heldigvis ei lita gruppe barn og unge, og institusjonsbarnevernet utgjer ein endå mindre del, men ein svært ressurskrevjande del av barnevernet. Barn som i ein periode ikkje kan bu heime og må bu på institusjon, er nokre av dei aller mest sårbare og utsette ungane i Noreg, og me må ha ein struktur som legg til rette for at dei blir tekne godt vare på. Difor sette Arbeidarparti–Senterparti-regjeringa ned Stene-utvalet, for me såg behov for ei heilskapleg vurdering av styringa og organiseringa av institusjonsbarnevernet, noko som inga regjering før oss hadde gjort. Eg er einig med representanten Trøen i at mange av funna til Stene-utvalet er alvorlege. Det er nedslåande at utfordringsbildet som blir beskrive, langt på veg har vore beskrivande for institusjonsbarnevernet heile vegen frå ansvaret blei overført frå staten i 2004, og under skiftande regjeringar. Det er blitt sett i gang fleire forbetringstiltak, men som Stene-utvalet skriv: «[D]et er urovekkende hvor lite utfordringsbildet har endret seg.» Det er difor bra at me har fått denne samla gjennomgangen av kva utfordringar som opplagt ligg der, og kva moglegheiter som finst. Målet er å sikre god styring av ressursane, slik at ungane får best mogleg hjelp tilpassa sitt individuelle behov. Det er riktig at rapporten beskriv mykje som me kjenner oss igjen i. Dei siste åra har me hatt fleire rapportar – den nylegaste er områdegjennomgangen, som regjeringa òg sette i gang – som har vist at altfor mange barn i institusjon ikkje får den hjelpa og omsorga dei har behov for. Heldigvis er det ikkje slik at det ikkje har skjedd endringar i barnevernet dei siste 20 åra. Som også barnevernsinstitusjonsutvalet beskreiv, har det over tid skjedd ei sterk kvalitetsutvikling, og mange barn får god hjelp i barnevernsinstitusjonane. Kompetansen er auka, barns rettar er betydeleg styrkte, og reglane for både tvang og inngrep er meir regulerte. Med det sagt er me langt unna å vere i mål, og utviklinga med auka utgifter, kapasitetsutfordringar – som interpellanten peiker på – og uønskt variasjon i tilbodet er alvorleg. For at ungane skal få hjelp til rett tid, må me òg ivareta bistandsplikta. Det er vel lite eg har brukt meir tid på enn det etter at eg kom i statsrådsstolen, og heldigvis ser me teikn til betring. Representanten spør om både strakstiltak og langsiktig oppfølging av rapporten. Til det fyrste: Me fylgjer no opp områdegjennomgangen av det statlege barnevernet og kvalitetsløftet i barnevernet, som blei vedteke i Stortinget i juni. Den same dagen som Stene-utvalet la fram rapporten sin i oktober, sa utvalsleiar Erik Stene at kvalitetsløftet i barnevernet er å rekne som eit paradigmeskifte og vil vere veldig bra for ungane og bra for samfunnet. Difor er eg veldig glad for at Stortinget slutta seg til det i juni. Med kvalitetsløftet tek me viktige grep for å sikra at ungane får meir tilpassa hjelp, og me peiker ut ei heilt ny retning for institusjonstilbodet. Her skal me ha tettare samarbeid mellom dei ulike sektorane. Me må ha meir fleksible institusjonar, som eg opplever at me er tverrpolitisk einige om, bl.a. for å hindre uønskte flyttingar, som representanten peiker på. Me er i gang med fire pilotar, som òg vil gje viktige erfaringar i fortsetjinga. For å få betre kontroll på utgiftene har Bufdir fått tydelege styringssignal om langsiktigheit i den private marknaden. Me må både auke kapasiteten og utnytte den kapasiteten me har, og me ser allereie at fleire plassar og betre kapasitetsutnytting har redusert talet på bistandspliktbrot betydeleg. På lengre sikt er me no godt i gang med å setje oss inn i rapporten til Stene-utvalet. Han er no på høyring. Her blir innspela frå aktørar som forslaga gjeld direkte, sentrale – som Oslo kommune, Bufdir og Bufetat, og sjølvsagt organisasjonar for tilsette og brukarorganisasjonar. Me er opne for å endre organiseringa om det bidreg til det overordna målet om eit betre barnevern.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
