Innlegg · 11. nov 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte tirsdag den 11. november 2025 kl. 10

Innlegget

Ut frå innlegget til representanten Trøen skulle ein nesten tru at ho ikkje hadde fått med seg at Stortinget vedtok kvalitetsløftet for barnevernet i juni. Det er jo ikkje slik at det dei siste fire åra verken har skjedd politikkutvikling eller blitt teke grep i barnevernet i Noreg. Heldigvis har det det. Eg oppfattar òg interpellanten i denne debatten som mest oppteken av å snakke om organisering. Eg meiner det ville vore direkte uansvarleg av meg å stå her på Stortingets talarstol og forskotere korleis regjeringa vil lande i oppfølginga av eit utval, der rapporten no er på høyring. Eg synest likevel det er fint at Høgre signaliserer så tydeleg kva dei meiner. Som eg sa i innlegget mitt, er regjeringa opne for å sjå på å endre organiseringa av det statlege barnevernet dersom det viser seg å kunne vere til beste for barna – ikkje minst gjennom betre ressursutnytting. Me må òg ta høgd for at Stene-utvalet gjekk litt utover mandatet sitt, og det tenkjer eg er heilt greitt at dei gjorde, men dei kjem òg med forslag der som gjeld Oslo kommune. Eg meiner me fyrst og fremst må ha god dialog med Oslo kommune om kva dei meiner om si organisering. Eg har allereie hatt eit møte med Oslo-byrådet. Eg tenkjer det er ein heilt sentral del av denne vurderinga, og det ville overraske meg om Høgre ikkje meiner det same. Så er det fleire ting som hastar når det gjeld å beskytte, hjelpe og yte betre omsorg for barn i barnevernet. Dei siste månadene, og særleg vekene, har me sett ein del hendingar som er veldig alvorlege, der svært unge barn gjer alvorleg og grov kriminalitet. Slik kan me ikkje ha det. Sjølv om dei aller fleste barn og unge i Noreg ikkje bryt loven, heller ikkje dei som er i ein barnevernsinstitusjon, meiner regjeringa at me må gjere meir for å beskytte dei betre. Difor har både justisministeren og eg lansert ei rekkje grep den siste tida som me meiner det hastar å få på plass, slik som, bl.a., ei direkte oppfølging av Storberget-utvalet. Me har sagt at me f.eks. må sikre at alle barnevernsinstitusjonar har dei same verktøya, at ein uavhengig av institusjon skal kunne låse ei dør, ta ein mobiltelefon, nekte besøk, rett og slett for å beskytte desse ungane betre. I tillegg er eg einig med representanten i at det er veldig negativt med flyttingar. Den historia som representanten viser til, gjer vondt i magen. Det er ikkje eit godt nok barnevern. Difor er eg så glad for at Stortinget vedtok den nye retninga for institusjonsbarnevernet, der me skal leggje om institusjonane på ein måte som gjer at dei blir meir fleksible, og at barna blir sette føre systemet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat