Innlegg · 11. nov 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte tirsdag den 11. november 2025 kl. 10

Innlegget

Takk for ein veldig god debatt. Eg vil gjenta det eg sa i stad, om at me frå Arbeidarparti-regjeringa si sideabsolutt er opne for å endre organiseringa. Eg synest det er fint at Høgre er eit parti som tydeleg seier at dei meiner ein bør følgje opp det Stene-utvalet føreslår. Eg håpar at fleire parti vil delta i den debatten. Samtidig må me nyansere lite grann – det blir litt mørkt i denne debatten i dag. Det er jo ikkje slik at det ikkje har vore handling frå regjeringa eller Stortinget si side dei siste åra. Representanten Gleditsch Lossius frå Kristeleg Folkeparti antyda at alle rapportar hamnar i ein skuff. Då vil eg anbefale ho å snakke med dei som sat i familie- og kulturkomiteen i førre periode, som var med og behandla kvalitetsløftet i barnevernet, som er ei direkte oppfølging av institusjonsutvalet, som Erik Stene leia, og som han sjølv meiner er eit paradigmeskifte. Det kan jo handle om at han er veldig fornøgd med at Stortinget har følgt opp dei anbefalingane som kom frå institusjonsutvalet. Så til Tage Pettersen, og det er fint at òg han deltek i debatten: Noko av det fyrste me diskuterte etter at eg blei statsråd, var dei alvorlege brota på bistandsplikta. Der er eg veldig glad for at me no ser ein gledeleg tendens til betring. Dette har vore eit prioritert område for meg. Kva er bistandsplikt? Jo, det er at me frå statleg side skal sikre at ungane får den hjelpa dei treng. Eg har ikkje noko behov for å unnskylde eller forklare situasjonen som har vore dei siste åra. Det har vore alvorleg, det har vore for dårleg, og no ser me betring. Fosterheimskøen blei òg trekt inn i debatten. Han er alvorleg lang. Me er no i gang med pilotar for spesialiserte tiltak inn i fosterheimane. Etter nyttår får me på plass kompetansestøtteteam for fosterheimar. Det har eg stor tru på – dei treng betre rettleiing. Flyttingar er dessverre ikkje ei ny utfordring. Eksempelet frå representanten Tone Wilhelmsen Trøen om «Siri» er faktisk henta frå då Høgre sat i regjering. I staden for å fordele skuld og ansvar trur eg me kan vere einige om at det at Stortinget slutta seg til kvalitetsløftet i barnevernet, basert på forslag frå institusjonsutvalet, var klokt av Stortinget, for no er me i gang med ei heilt ny innretning som vil bety veldig mykje for ungane. Som representanten Mirell Høyer-Berntsen frå SV sa: Det er aldri ungane det er noko gale med – det er systemet. Difor er barnevern og tryggleik for barn og unge noko av det viktigaste for Arbeidarparti-regjeringa. Barnevernsbarn – det er eit omgrep – er ikkje barnevernet sitt ansvar, og ungdomskriminelle er ikkje politiet sitt ansvar. Dei er vårt ansvar, alle saman. Difor har eg, saman med justisministeren og fleire andre, bl.a. skjerpa styringssignala overfor alle statlege etatar om betre samarbeid for desse sårbare barna. Dei er vårt ansvar.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat