Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 12. nov 2025

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte onsdag den 12. november 2025 kl. 10

Innlegget

Takk for svar som hadde veldig mange ord, men eg har fleire spørsmål, og dei gjeld at psykiske plagar dessverre har blitt veldig vanleg blant ungdomar. For jenter i alderen 13–24 år har andelen som rapporterer uro og stress, auka veldig mykje dei siste ti åra. Norske studiar viser at rundt 7 pst. av barn og unge mellom 4 år og 14 år har ei psykisk liding, samtidig som opptil ein av fem får avslag frå spesialisthelsetenesta. Statssekretær Karl Kristian Bekeng sa til TV 2 i februar at fleire tilvisingar og fleire avslag kan kome av ein trend i sosiale medium der unge blir oppfordra til å stilla eigne diagnosar. Me i Framstegspartiet meiner utfordringane heller handlar om manglande kapasitet og lite tilgjengelege tenester for barn og unge. Kva vil statsråden konkret gjera for å sikra at fleire barn og unge får rask hjelp i spesialisthelsetenesta, og at færre får avslag?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat